Hopp til innhald

Skreddarsydd programvare

Nynorsk
Snakk med oss

Samle bestillingar, status og ansvar på éin stad.

Ei bestilling eller ei sak skal kunne følgjast opp utan å leite gjennom innboksen. Vi byggjer verktøyet rundt måten de arbeider på.

Éi bestilling i innboksen, frå måndag til fredagDøme

  1. må

    Bestilling veke 47

  2. må

    SV: Bestilling veke 47

  3. ty

    VS: SV: Bestilling veke 47

  4. on

    SV: VS: SV: Bestilling veke 47

  5. to

    SV: RE: SV: VS: SV: Bestilling veke 47

  6. fr

    RE: SV: SV: RE: SV: VS: SV: Bestilling veke 47

Ingen veit kven som følgjer opp saka.

Eit døme

Bestillingar inn, status ut

Avdelingar bestiller mat frå kjøkkenet og ringjer for å høyre om maten er klar. I eit bestillingsverktøy kan dei velje frå menyen, sjå prisen og sende bestillinga. Kjøkkenet oppdaterer status, og avdelinga får beskjed når maten kan hentast.

  1. Døme: bestillinga til avdelinga på mobilen, med menyen, prisane og fristen for å bestille.
    Avdelinga vel frå menyen, ser prisen og sender bestillinga.
  2. Døme: lista til kjøkkenet over bestillingane i dag. Bestillinga frå Teknisk drift er klar til henting.
    Kjøkkenet oppdaterer status.
  3. Døme: varselet på mobilen til avdelinga om at bestillinga er klar til henting.
    Avdelinga får beskjed når maten kan hentast.

Eit tenkt døme. Slik kan ei løysing sjå ut. Dykkar byggjer vi rundt dykkar eigne steg og reglar.

Slik startar det

Start med éi oppgåve som burde vore enklare.

  1. Avklar behovet saman

    De skildrar kvardagen. Saman finn vi oppgåva det er verdt å løyse først.

  2. Ta stilling til eit konkret forslag

    Sjå skissa og avklar omfang, fastpris og månadleg drift før bygginga startar.

  3. Prøv løysinga. Ta henne i bruk.

    De testar undervegs. Etter oppstart følgjer vi opp den avtalte drifta, slik at løysinga blir teken vare på over tid.

Fastpris for å byggje. Månadspris for drift og oppfølging, med periodiske oppdateringar inkludert.

Portrett av Bjørn Otto Vasbotten

Kven de snakkar med

De snakkar med den som byggjer.

De får over 20 års erfaring frå PSWinCom og LINK Mobility, frå den første samtalen, gjennom utviklinga og vidare i oppfølginga.

Bjørn Otto Vasbotten, gründer og dagleg leiar

Godt å vite

Det de kanskje lurer på.

Kva kostar det?

De får ein fastpris for bygging, testing og oppstart, og ein månadspris for den avtalte drifta. Begge blir avtalte før bygginga startar.

Må vi byte ut systema vi har?

Nei. De beheld rekneskapssystemet og andre verktøy som gjer jobben sin. Vi ser på arbeidet mellom dei.

Kva om vi vil endre noko undervegs?

Fastprisen gjeld det avtalte omfanget. Vil de endre det, avtaler vi kva endringa betyr for pris og framdrift før ekstraarbeidet startar.

Treng vi ein kravspesifikasjon?

Nei. De treng ikkje kome med ein ferdig kravspesifikasjon. Vis oss kva som tek tid, kvar det stoppar opp, og kva de ønskjer å få til.

Snakk med oss

Kva skulle vore enklare hos dykk?

Beskriv kort kva de gjer i dag, og kvar det stoppar opp. Det held som start.

Snakk med oss

post@apalos.no