Hopp til innhald
Meny

Tillit gjennom heile samarbeidet.

Når ei løysing blir ein del av arbeidskvardagen, skal de vite korleis opplysningane blir handterte, kven som følgjer opp drifta, og kvar de får hjelp.

Hos Apalos heng personvern, tryggleik og drift saman med sjølve utviklinga. Modellen vår byggjer på anerkjende prinsipp: innebygd personvern, tilgang etter behov, tydeleg ansvar og systematisk vedlikehald. Vi omset dei til praktiske val i løysinga og rutinane rundt henne.

Personvern byrjar før vi byggjer.

Vi startar med å forstå kva opplysningar de treng, kva dei skal brukast til, og kven som skal ha tilgang. Vi avklarar òg korleis opplysningar skal lagrast, slettast og kunne hentast fram ved behov.

Dette gir grunnlaget for tilgangsstyring, sporbarheit og personvernfunksjonar som passar behova dykkar. Vi hjelper med å dokumentere behandlinga og setje opp funksjonane som støttar arbeidet med innsyn, samtykke og sletting der det er relevant.

De kjenner verksemda og føremålet med behandlinga. Vi bidreg med teknisk kompetanse, praktiske verktøy og hjelp til å få oppfølginga inn i den vanlege arbeidskvardagen.

Ein felles grunnmur som blir vidareutvikla.

Løysingane våre byggjer på felles funksjonar som vi bruker og vedlikeheld sjølve. Innlogging, rettar, datalagring og sporbarheit får dermed ein gjennomarbeidd plass i leveransen.

Vi vel etablerte teknologiar og legg vekt på løysingar som er forståelege, robuste og moglege å følgje opp over tid. Inntektene frå alle kundane våre går tilbake til utvikling og drift av grunnmuren. Forbetringar kan dermed kome alle løysingane til gode, samstundes som løysinga blir tilpassa dykk.

Det gir oss òg rom til å tilby skreddarsydd programvare til ein konkurransedyktig pris.

Profesjonell drift er ein del av tilbodet.

Ei løysing treng oppfølging gjennom heile levetida. Med ein driftsavtale hos Apalos får de nokon som kjenner løysinga og tek hand om den avtalte drifta.

Periodiske oppdateringar av programvara er inkluderte, òg for skreddarsydde løysingar. Vi følgjer opp overvaking, tryggingskopiar og vedlikehald innanfor avtalen. Vi øver òg på å gjenopprette data, slik at tryggingskopiane inngår i ein praktisk beredskap.

De skal vite kven de kontaktar, korleis de får hjelp, og kva månadsprisen dekkjer. Nye funksjonar og anna vidareutvikling avtaler vi med dykk når behova endrar seg.

Les om drift og oppfølging

Tydeleg ansvar og openheit om data.

De skal kunne forstå kvar opplysningane blir behandla, kva leverandørar som er involverte, og kva dei blir brukte til. Vi prioriterer norsk og europeisk infrastruktur og gjer det synleg kva tenester vi er avhengige av.

Før leveransen avklarar vi ansvarsfordelinga og kva krav løysinga må oppfylle. Dokumentasjon, avtalar og teknisk oppsett skal skildre den same røynda. Når behov eller føresetnader endrar seg, må oppfølginga endrast med dei.

Vi bruker erfaringane til å forbetre oss.

Dersom noko ikkje fungerer som det skal, følgjer vi opp både hendinga og årsaka. Vi dokumenterer kva vi har lært og vurderer kva endringar som trengst i løysinga eller rutinane våre.

Slik blir erfaring frå utvikling, testing og drift ein del av det vidare arbeidet. Det er denne kontinuerlege oppfølginga vi vil at de skal kunne ha tillit til.

Meir om databehandling og openheit.

Leverandørar og datalagring

Dataa i løysinga dykkar — det de jobbar i til dagleg — ligg på maskinvare vi køyrer sjølve, i Norden. Det same gjeld førespurnadene og notata våre om dykk: dei ligg i våre eigne system, ikkje i ei amerikansk skyteneste.

Vi føretrekkjer europeiske leverandørar. Nokre tenester bruker amerikansk infrastruktur. Difor skildrar vi både kven leverandøren er, og kva oppgåve tenesta har.

Oversikta nedanfor skildrar leverandørar og databehandling ved gjennomgangen 26. august 2026:

Hetzner — Finland

Kopiar av tryggingskopiar, og tenaren som tel besøk på denne sida.

Scaleway — Frankrike

Utsending av e-post.

Domeneshop — Noreg

Domene og e-post. All e-post til @apalos.no ligg i postkassar hos Domeneshop.

PowerOffice — Noreg, på amerikansk infrastruktur

Rekneskapssystemet vårt, for kundekort, ordrar og fakturaer. Det omfattar mellom anna firmanamn, organisasjonsnummer og kjøpsopplysningar. PowerOffice er eit norsk selskap som bruker Microsoft Azure.

Lista er kort fordi vi køyrer det meste sjølve — innlogging, CRM, skjema, statistikk og overvaking står på våre eigne maskiner.

Personvern på denne nettstaden

Besøk blir talde med Umami, som vi køyrer sjølve i Helsinki. Statistikken bruker ingen sporingskapslar. Bestillingsskjemaet set éin teknisk kapsel som vernar innsendinga mot misbruk. Han varer ut nettlesarøkta.

Vel du språk, hugsar vi valet i ein språkkapsel i inntil eitt år.

Vi tel sidevisingar, kvar besøket kom frå, om knappane blir brukte, og kor langt folk les dei to lange sidene. Alt saman samla, aldri per person: IP-adressa di blir ikkje lagra, og det einaste kjenneteiknet er ein hash som blir bytt ut kvar natt. Vi kan difor ikkje sjå at du var her i går. Vi har bestemt at tala skal slettast etter fjorten månader.

Sjekk gjerne sjølv i utviklarverktøya.

Bruk av kunstig intelligens

Vi bruker KI-verktøy til mellom anna kode, utkast og gjennomgang av arbeidet. Modellane kjem frå amerikanske leverandørar. Ansvaret for det vi leverer, ligg hos oss.

Kundedata går ikkje dit. Verktøya blir brukte på kode, planar og våre eigne dokument — ikkje på det de har i løysinga dykkar. Skal ein kunde ein dag ha KI som ein del av produktet sitt, er det ein eigen avtale med eit eige svar på kvar modellen køyrer.

Dokumentasjon og sertifisering

Apalos har inga ISO 27001- eller SOC 2-sertifisering. Arbeidet vårt byggjer på rutinane over og dokumentasjonen frå eiga drift.

Har de krav til datalagring, dokumentasjon eller oppfølging, går vi gjennom dei saman før vi avtaler ein leveranse.

Lat oss gå gjennom krava dykkar.

Fortel oss kva løysinga skal brukast til, og kva krav de har til personvern, tryggleik og drift. Saman avklarar vi korleis leveransen og oppfølginga bør setjast opp.