Hopp til innhald
Meny

Programvare som passar måten de faktisk arbeider på.

Når rekneark, e-post og standardsystem ikkje lenger strekk til, byggjer vi skreddarsydde løysingar som samlar arbeidet og reduserer manuell oppfølging.

Ei bestilling eller ei sak skal kunne følgjast opp utan å leite gjennom innboksen.

Dette tilbyr vi

Vi byggjer verktøyet de manglar.

Skreddarsydde løysingar

For dykk som treng ei løysing tilpassa eigne oppgåver og rutinar, forma etter måten de arbeider på.

Det kan vere bestillingar, godkjenningar eller oppfølging som de i dag handterer i rekneark og e-post. Sjå døme.

Fastpris for å byggje. Månadspris for drift og oppfølging, med periodiske oppdateringar inkludert.

Eit døme

Kven har kva, og når skal det tilbake?

Sjå alle seks døma

  1. Døme: utstyret slik det blir opna frå QR-koden. Projektor 3 er ledig og kan lånast.
    Ein QR-kode på utstyret opnar rett oppføring.
  2. Døme: lånet er registrert. Projektor 3 skal leverast tilbake 18. november.
    Den som hentar utstyret, registrerer lånet og avtalt returdato.
  3. Døme: returen er registrert. Projektor 3 er ledig igjen.
    Koden opnar rett oppføring også når utstyret skal leverast tilbake.

Eit tenkt døme. Slik kan ei løysing sjå ut. Dykkar byggjer vi rundt dykkar eigne steg og reglar.

Difor er skreddarsaum innan rekkjevidd

Meir av budsjettet til det som er dykkar.

De treng eigne steg og reglar. Innlogging, tilgangsstyring, personvern og drift er behov de deler med andre.

Den grunnmuren har vi allereie bygd. Vi bruker han i både våre eigne produkt og skreddarsydde løysingar, slik at innsatsen kan gå til det som er særeige for dykk.

Inntektene frå alle kundane våre går tilbake til utvikling og drift av grunnmuren.

Sjå kva som ligg i grunnmuren
Tilpassa dykk Dykkar løysing

Skjermbileta, stega og reglane som gjer henne nyttig for dykk.

Grunnmuren er på plass
Innlogging og rollerPersonvern SporbarheitDrift og oppfølging
Same grunnmur i ferdige produkt og skreddarsydde løysingar.

Ein oversiktleg veg vidare

Start med éi oppgåve som burde vore enklare.

De treng ikkje kome med ein ferdig kravspesifikasjon. Vis oss kva som tek tid, kvar det stoppar opp, og kva de ønskjer å få til.

Slik arbeider vi frå idé til drift
  1. Avklar behovet saman

    De skildrar kvardagen. Saman finn vi oppgåva det er verdt å løyse først.

  2. Ta stilling til eit konkret forslag

    Sjå skissa og avklar omfang, fastpris og månadleg drift før bygginga startar. Les om prisar.

  3. Prøv løysinga. Ta henne i bruk.

    De testar undervegs. Etter oppstart følgjer vi opp den avtalte drifta, slik at løysinga blir teken vare på over tid.

Kva Apalos byggjer på

Eit godt verktøy skal òg vere eit trygt val.

Les om tryggleik, data og drift

Personvern og ryddige rutinar.

Personvern, tilgangsstyring og sporbarheit ligg i grunnmuren. De får verktøy som støttar ryddige rutinar i det daglege arbeidet.

Dataa er dykkar.

Dataa er dykkar, alltid, og de har rett til å ta dei med vidare. Rettane til løysinga og grunnmuren blir skildra i avtalen.

Portrett av Bjørn Otto Vasbotten

Bjørn Otto Vasbottengründer og dagleg leiar

Erfaring og direkte kontakt.

Over 20 års erfaring med programvare og drift. De snakkar direkte med den som byggjer og følgjer opp løysinga. Bli kjend med Bjørn Otto.

La oss sjå på oppgåva dykkar

Kva bruker de unødvendig mykje tid på?

Eit rekneark som har vakse seg for stort. Førespurnader som blir borte. Ei godkjenning som stadig stoppar opp. Fortel oss om det.