Hopp til innhald
Meny

Skreddarsydde løysingar

Skreddarsydd programvare som løner seg.

Det standardsystema ikkje dekkjer, hamnar i rekneark, e-post og dobbeltarbeid. Vi byggjer verktøyet som manglar, forma etter behova dykkar.

Målet er spart tid, færre feil og betre lønsemd. Vi byggjer på ein grunnmur vi allereie bruker i eigne produkt, med tilgangsstyring, lagring og sporbarheit på plass. Difor får de skreddarsaum til fastpris, og ein pris som toler samanlikning.

Ein felles grunnmur med tilgang, data og sporbarheit, saman med ein grøn kloss for løysinga dykkar.
Grunnmuren er felles. Løysinga er dykkar.

Kva kjenneteiknar ei Apalos-løysing?

Ei oppgåve får ein tydeleg start, ein ansvarleg og ei avslutning. Skjermbileta, reglane og oversiktene blir utforma saman med dei som skal bruke løysinga.

Avgrensa og målretta

Eitt behov om gongen. De er med på å velje stega som trengst, og kva som skal vente. Då blir det tydeleg kva de får levert.

Meir av innsatsen går til dykk

Felles funksjonar treng vi ikkje byggje på nytt for kvart oppdrag. Innsatsen kan gå til stega og reglane som er særeigne for dykk. Omfang, integrasjonar og oppfølging blir skildra i tilbodet.

Dataa er dykkar. Rettane er tydelege.

Dataa er dykkar, alltid, og de har rett til å ta dei med vidare. Det som er laga for dykk, har de varige rettar til. Grunnmuren eig vi — og gir dykk ein varig bruksrett til han.

Kvar i arbeidskvardagen stoppar det opp?

  • Saker og godkjenningar: Førespurnader, søknader eller avvik som treng ein ansvarleg, ein frist og eit svar.
  • Kundar og oppfølging: Avtalar, bestillingar og status som både de og kunden treng oversikt over.
  • Den daglege drifta: Utstyr, arbeidsordrar og ressursar, med koplingar til systema de allereie bruker.

De beheld rekneskapssystemet og andre verktøy som gjer jobben sin. Vi ser på arbeidet mellom dei.

Sjå døma

Frå første samtale til dagleg bruk

Ein tydeleg avtale. Oppfølging over tid.

De er med på å avklare behovet, prøve løysinga og godkjenne leveransen. Når ho er i bruk, tek vi hand om den avtalte drifta.

Samarbeidet

Sjå kva som skjer undervegs, og kva de tek stilling til før neste steg.

Sjå Apalos-prosessen

Prisen

Fastpris for etableringa og månadspris for drift. Mange treng ikkje eit forprosjekt.

Slik avtaler vi prisen

Livet etter oppstart

Profesjonell drift og periodiske oppdateringar, også når løysinga er skreddarsydd.

Sjå drift og oppfølging

Vi seier frå dersom eit ferdig verktøy er nok.

Finst det eit standardverktøy som løyser behovet dykkar godt og rimeleg, seier vi det rett ut. Vi byggjer berre når skreddarsaum gir ein reell fordel i kvardagen dykkar.

Er behovet tydeleg nok, kan vi gå rett til eit tilbod. Treng de meir hjelp til å finne rett løysing, kan vi avtale eit betalt forprosjekt. De beheld resultata og står fritt til å velje vegen vidare.

Les om fastpris, drift og forprosjekt

Snakk med oss

Har de ein prosess som burde vore enklare?

Fortel oss kort om utfordringa, så gir vi ei ærleg vurdering av kva som skal til.