Hopp til innhald
Meny
Apalos Capture

Frå skjema
til oppfølging.

De lagar skjemaet. Capture samlar svara og eventuelle vedlegg, så de kan følgje opp førespurnadene.

For betalte nivå avklarer vi behov, pris og oppstart med dykk før aktivering.

Slik heng det saman

De lagar skjemaet

Samle opplysningane de treng til ein førespurnad eller ei påmelding.

Capture samlar svara

Svar og vedlegg kjem inn til dykk.

De følgjer opp

Opne førespurnaden i Capture. Administrer abonnementet i Apalos Portal.

Frå det første svaret til oppfølginga hos dykk.

Frå lenkje til oppfølging

Gi førespurnadene
ein stad å lande.

Eit skjema på nettsida. Ei lenkje i kampanjen. Svara blir samla i Capture, der de kan arbeide vidare med dei.

Endre skjemaet utan å miste historikken.

Når de publiserer eit skjema, blir det lagra som ein eigen versjon. Tidlegare innsendingar er framleis knytte til versjonen som blei brukt.

Publisert skjemaNy versjonTidlegare innsendingar held på samanhengen sin.

Samle innsendingane i éin innboks.

Set status, legg til merkelappar, last ned vedlegg og eksporter innsendingane de treng.

Førespurnad frå kontaktskjemaUnder behandling
Påmelding til arrangementNy

Illustrerte innsendingar

Del korte lenkjer med QR-kode.

Del lenkjer til skjema og kampanjar, og sjå kor mange klikk lenkjene får. QR-kodane kan eksporterast i formata abonnementet støttar.

Sjå QR-format per nivå

Når de treng meir

Kople skjemaa til resten av arbeidet.

Frå personvernerklæringa i skjemaet til dataa som skal vidare til andre system.

Vis ei personvernerklæring for kvart skjema.

Ho byggjer på opplysningane de registrerer om kva som blir samla inn og kor lenge det blir lagra. Innhaldet blir gjennomgått før publisering.

Ta imot vedlegg som blir virusskanna.

Vedlegg blir virusskanna før dei blir lagra, og infiserte filer blir avviste.

Varsle systema dykkar om nye førespurnader.

Signerte webhooks varslar når nye førespurnader kjem inn, så mottakaren kan verifisere avsendaren.

Hent data til CRM eller datavarehus.

Eit dokumentert API med eigne nøklar, så CRM-et eller datavarehuset dykkar kan hente inn førespurnadene sjølv. Nøklane set vi opp saman med dykk.

Sjå kven som endra kva.

Sporbarheitslogg over endringar og uttrekk, med eksport når de treng det.

Prisar og nivå

Vel abonnementet som passar dykk.

Etablering éin gong, deretter ein fast månadspris. Alle prisar er utan meirverdiavgift og førebelse.

Betalte nivå har 6 månaders bindingstid. Sjå vilkår og bestillingsinformasjon.

Basic

For dykk som treng nokre få skjema.

249 kr/mnd. 1 990 kr i etablering
Skjema
20
Innsendingar/mnd.
1 000
Brukarar
3

Standard Vi tilrår

For dykk som bruker skjema jamleg og følgjer opp mange førespurnader.

690 kr/mnd. 4 990 kr i etablering
Skjema
100
Innsendingar/mnd.
5 000
Brukarar
10

Advanced

For verksemder med fleire avdelingar og mange brukarar.

2 490 kr/mnd. 14 990 kr i etablering
Skjema
uavgrensa
Innsendingar/mnd.
25 000
Brukarar
uavgrensa

Samanlikn nivåa.

Nivåa har ulike grenser for bruk og lagring, og ulike format for QR-eksport. På små skjermar kan tabellen rullast sidelengs.

Grenser per nivå Basic Standard Advanced
Korte lenkjer 100 500 uavgrensa
Skjema 20 100 uavgrensa
Innsendingar per månad 1 000 5 000 25 000
Lagring 2 GB 8 GB 20 GB
Brukarar 3 10 uavgrensa
QR-eksport PNG + SVG PNG + SVG PNG + SVG + PDF

Tala skildrar tilbodet. Blir ei grense justert, seier vi frå før ho gjeld — og de får aldri mindre enn det som stod her då de bestilte.

Eit mindre behov, eller ein eigen avtale?

Free er gratis, òg i etablering. De får 2 skjema, 50 innsendingar per månad, 5 korte lenkjer, 100 MB lagring og 1 brukar. QR-eksport: PNG. Ein av oss går gjennom bestillinga. Når ho er godkjend, blir Free aktivert, og innloggingslenkja blir send til kontaktadressa de oppgav. Bestill Free.

Enterprise er for kommunar og andre som treng ein eigen avtale. Etablering, månadspris, volum og vilkår blir avtalte med dykk. Ta kontakt om Enterprise.

GDPR og digital tryggleik

Personvern og tryggleik.
Verktøy for det daglege arbeidet.

De får praktiske verktøy for GDPR-arbeidet og tekniske tryggingstiltak som støttar arbeidet med NIS og NIS2.

GDPR i den daglege jobben

Dokumenter samtykke.

Ei innsending med samtykke får ei signert kvittering. Den som samtykte, kan trekkje det tilbake sjølv. Tilbaketrekkinga blir registrert, slik at de kan følgje henne opp.

Følg opp innsyns- og slettekrav.

Kvart krav blir registrert som ei sak med frist, status og tidslinje, så de kan følgje opp saka undervegs.

Styr når data skal slettast.

Oppbevaringstid per organisasjon — og høve til å fryse det som ikkje skal slettast, til dømes ved ei pågåande sak.

Sjå kva som er lagra.

Ei oversikt viser kva typar opplysningar Capture lagrar for dykk, kvifor dei blir lagra, kor sensitive dei er, kor mange det er akkurat no og regelen som slettar dei. Manglar noko, står det der.

Ved innsyn kan de eksportere opplysningane om den registrerte. Personvernerklæringa blir generert per skjema.

Tryggleik som kan etterprøvast

Tilgang etter ansvar.

Rollebasert tilgang styrer kven som kan arbeide med skjema, innboks og administrasjon. Dataa til organisasjonane blir haldne skilde.

Kryptering og kontroll av vedlegg.

Innhaldet i skjemasvara blir kryptert ved lagring, med eigne nøklar per organisasjon. Vedlegg blir virusskanna før dei blir lagra, og infiserte filer blir avviste.

Sjå kven som endra kva.

Endringar og uttrekk blir registrerte i ein sporbarheitslogg. De kan eksportere loggen når de treng dokumentasjon til eige tryggingsarbeid.

Neste steg

Kom i gang med Capture.

Vel eit nivå, eller ta ein prat med oss om kva de treng.

Før de bestiller

Alle prisar er utan meirverdiavgift og førebelse til den endelege prislista er fastsett.

Etableringa blir fakturert éin gong, saman med første månad. Betalte nivå har 6 månaders bindingstid.

For betalte nivå avklarer vi behov, pris og oppstart med dykk før aktivering. Free krev inga signering; etter at bestillinga er godkjend, blir tenesta aktivert og innloggingslenkja send til kontaktadressa de oppgav.