Produkt · under utvikling
Apalos Compliance
Samle behandlingsprotokoll, oppbevaringsreglar og spor etter endringar, slik at personvernarbeidet blir lettare å følgje opp.
Under intern testing. Vi bruker løysinga i vårt eige personvernarbeid før vi opnar for eksterne kundar. Ho er ikkje i sal enno.
Hald oversikt over personopplysningane de behandlar.
De treng å vite kva personopplysningar verksemda behandlar, kvifor dei blir behandla, og kor lenge dei skal oppbevarast. Apalos Compliance samlar dette arbeidet og dokumentasjonen som høyrer til.
Kartlegg bruken av personopplysningar
Beskriv kva opplysningar de bruker, og kva de bruker dei til.
Behandlingsprotokoll
Samle føremål, opplysningar og ansvar, og hald oversikta oppdatert når noko endrar seg.
Oppbevaring og sletting
Definer fristar og dokumenter sletting der oppbevaringsreglane er kopla til løysinga.
Dokumenterte endringar
Ta vare på historikken, slik at det er mogleg å følgje opp kva som er gjort.
Oversikt, reglar og historikk samla i personvernarbeidet
Vi byrjar med vårt eige personvernarbeid.
Vi bruker eigne system og data til å undersøkje kva som fungerer, og kva som må bli betre. Koplingar til andre system må avklarast for kvart bruksområde.
Vil de sjå korleis vi bruker løysinga i vårt eige personvernarbeid? Vi viser henne gjerne — ta kontakt.
Snakk med oss
Vil de følgje utviklinga?
Fortel korleis de arbeider med personvern i dag, og kva som er vanskeleg å halde oversikt over.