Hopp til innhald
Meny

Har de fagkunnskapen, men manglar programvara?

Eit byrå treng eit bestillingsverktøy til nettsida til ein kunde. Ein rådgjevar ser ei oppgåve fleire kundar strevar med. Vi kan bidra med utviklinga og avklare korleis løysinga skal driftast og følgjast opp. Eit samarbeid kan byrje med éi konkret oppgåve.

For kundane våre

Eit samarbeid som held fram etter lansering.

Når vi har bygd ei løysing saman, kjenner vi oppgåva og vala som er tekne. Det gjer det lettare å vurdere kva som bør endrast når behova dykkar utviklar seg.

Driftsavtalen omfattar vedlikehald og periodiske oppdateringar, òg når løysinga er skreddarsydd. Nye funksjonar og anna vidareutvikling avtaler vi separat. De skal vite kven som følgjer opp løysinga, og korleis nye behov blir handterte.

De får ein partnar som kjenner arbeidet. Vi får erfaring vi kan bruke til å gjere løysingane betre. Difor satsar vi på partnarskap

Nokre gonger er neste steg ein ny funksjon. Andre gonger held det å endre ein rutine eller bruke eit verktøy de allereie har. Det seier vi frå om.

For andre selskap

Dykkar fagkunnskap, ei løysing vi byggjer saman.

De kjenner kundane og faget. Apalos kan utvikle arbeidsverktøyet som trengst, med utgangspunkt i den felles grunnmuren vår. Vi samarbeider gjerne med byrå, rådgjevarar og andre utviklingsmiljø.

Før vi gir kunden eit tilbod, avklarer vi kven som har kundekontakten, kven som leverer kva, og kven som tek ansvar for vidare oppfølging.

Kundane dykkar

Kundekontakt og kommersielt ansvar blir avtalte før vi byrjar.

Dykkar leveranse

De bidreg med fagkunnskap, design eller utvikling. Vi avklarer kven som leverer kva.

Apalos sin grunnmur

Vi vel funksjonar for mellom anna tilgang og historikk, og avtaler korleis løysinga skal driftast.

Tydelege roller, eitt samla tilbod til kunden.

Byrj med ei konkret oppgåve.

Ta med ei skisse eller eit kundebehov. Saman avklarer vi om oppgåva passar, korleis arbeidet blir fordelt, og kven som følgjer opp løysinga etter levering.

To personar skisserer ein plan saman på ei tavle med kvar sin tusj
To fagmiljø. Éi tavle.

Snakk med oss

Har de ei oppgåve vi kan løyse saman?

Skriv nokre linjer om oppgåva, kven løysinga er for og kva de ønskjer å bidra med. Så tek vi ein første samtale om korleis arbeidet kan fordelast.