Hopp til innhald
Meny

Meir tid til behova dykkar.

Brukartilgang, data og personvern går att i mange løysingar. Vi har samla byggjesteinane i ein grunnmur vi bruker og vidareutviklar sjølve.

For dykk betyr det færre fellesfunksjonar å byggje frå botnen av. Arbeidet kan konsentrerast om skjermbileta, reglane og integrasjonane dykkar.

Den felles grunnmuren til Apalos

Dette byggjer vi vidare på.

Vi vel og set opp funksjonane som løysinga dykkar treng.

Tre marineblå byggjeklossar for tilgang, data og sporbarheit, saman med ein grøn kloss for løysinga dykkar.
Blått er den felles grunnmuren. Grønt er det vi lagar til dykk.

Den grøne delen

Dykkar løysing.

Skjermbileta, stega og reglane som passar måten de jobbar på.

Brukarar og tilgang

Rett tilgang til dei som skal gjere jobben.

  • Innlogging og invitasjonar
  • Roller og rettar
  • Skild tilgang for kvar verksemd

Data som heng saman

Sjå kva opplysningar som høyrer til same kunde, bestilling eller sak.

  • Strukturerte data og relasjonar
  • Filtrering, sortering og oversikter
  • Hendingshistorikk der det trengst

Personvern og etterleving

Funksjonar for å dokumentere og følgje opp behandlinga av personopplysningar.

  • Revisjonslogg og behandlingsprotokoll
  • Samtykke og innsynssaker
  • Reglar for oppbevaring og sletting

Klossane som finst i dag.

Desse funksjonane blir brukte i våre eigne løysingar. Vi vel dei som trengst hos dykk, og set dei opp for løysinga de skal ha. De kan også kjøpe hjelp med personvern og profesjonell drift, med tydeleg ansvar og avtalt oppfølging.

Tilgang og identitet

Innlogging
Felles innlogging for tilknytte system, eller e-post og passord der det passar betre.
Roller og rettar
Kven som får sjå og gjere kva. Stengt som standard, opna med vilje.
Felles utlogging
Utlogging på tvers av systema som er kopla til den felles innlogginga.
Fleire organisasjonar i same løysing
Har de fleire avdelingar eller eigne kundar i systemet, kan dei bruke det utan å sjå kvarandre.

Datalagring

Opplysningar som høyrer saman
Kundar, bestillingar og saker kan knytast saman, slik at de finn opplysningane i rett samanheng.
Hendingshistorikk ved behov
Med event sourcing kan vi lagre hendingane bak tilstanden i dag, når det er nyttig å følgje korleis noko har utvikla seg.
Import og eksport
Hent inn eksisterande data og ta ut opplysningar til vidare bruk. Vi tilpassar dette til dataa og formata de treng.
Transaksjonar
Endringar som høyrer saman, blir lagra samla i databasen: anten går alle gjennom, eller ingen.

Personvern og sporbarheit

Vi hjelper dykk å setje opp personvernfunksjonane og dokumentere korleis personopplysningar blir behandla.

Revisjonslogg
Revisjonsloggen viser registrerte handlingar, kven som utførte dei og når.
Sletting og oppbevaring
Reglar for når data skal slettast, og når dei må behaldast. Dei blir sette opp for opplysningane løysinga handterer.
Behandlingsprotokoll og personvernerklæring
Dokumenta blir laga frå registrerte opplysningar om korleis persondata blir behandla. Innhaldet blir gjennomgått og godkjent før publisering.
Samtykke med kvittering
Kvitteringa viser nøyaktig kva tekst nokon sa ja til, og når.
Innsyn for den det gjeld
Registrer innsynsførespurnader og følg saka fram til svar.
Oversikt over lagra data
Viser kva typar opplysningar løysinga lagrar, kvifor, kor sensitive dei er, kor mange det er no og regelen som slettar dei. Har løysinga ein eigen database berre for dykk, gjeld oversikta heile databasen.

Ut til folk

Varsel og e-post
E-post med malar som kan tilpassast, send frå europeisk infrastruktur.
Skjema på nett
Offentlege skjema som går rett inn i løysinga. Dette er Apalos Capture.
QR-kodar
Frå papir eller skilt og rett inn i rett skjermbilete.

Integrasjon

API-ar
Andre system kan hente opplysningar frå løysinga, med tilgangsnøklar de styrer.
Webhooks
Send beskjed til andre system når noko skjer, slik at arbeidet kan halde fram der.
Planlagde jobbar
Oppgåver kan køyrast til avtalte tider, med oversikt over køyringane og eventuelle feil.

Profesjonell drift

Vi følgjer opp løysinga etter lansering, med ansvar og oppgåver tydeleg avtalte.

Periodiske oppdateringar inkluderte
Periodiske oppdateringar av programvara er ein del av drifta, også for skreddarsydde løysingar.
Tryggingskopiar
Daglege kopiar vi øver på å gjenopprette frå.
Overvaking
Varsling som hjelper oss å følgje opp dersom noko ikkje fungerer som det skal.
Vedlikehald og brukarstøtte
Avtalt oppfølging av tryggingsoppdateringar og hjelp når de treng det. Les om drift og oppfølging.

Så enkelt som oppgåva tillèt.

Vi startar med den enkle varianten, som er lettare å forstå og drifte. Meir avanserte val skal svare på eit konkret behov — ikkje berre sjå betre ut i tilbodet.

Område Standard Steget opp
Historikk Tilstanden i dag blir lagra Heile hendingsforløpet blir lagra, når historikken i seg sjølv har verdi
Skjermbilete Vanlege nettsider som lastar raskt Eit meir interaktivt grensesnitt når arbeidet krev det
Datalagring Dykkar data skilde frå andre sine i same database Eigen database eller eigen server
Oppetid Éi maskin, med tryggingskopiar i fleire ledd Fleire maskiner når krava til tilgjenge tilseier det

Tilpassa løysinga dykkar

Oversikta viser funksjonar som finst i våre eigne løysingar. Kva som blir teke i bruk, og korleis det blir sett opp, avheng av løysinga og avtalen dykkar.

Treng de funksjonalitet som ikkje står på lista? Vi tek gjerne ein prat om korleis vi best løyser og prisar det for dykk.

Snakk med oss

Kva treng verksemda dykkar?

Skildre arbeidsprosessen de ønskjer å forenkle, så set vi saman eit forslag tilpassa behova og budsjettet dykkar.