Hopp til innhald
Meny

Apalos tyder mjuk.

Frå gresk apalós — mjuk å ta på, mild. For oss handlar namnet om programvare som passar måten de arbeider på, og om eit samarbeid der det er lett å spørje, samarbeide og finne ut av ting.

Mjuk programvare

Verktøyet skal passe arbeidet.

Ordspelet er ikkje subtilt: soft-ware. Måten de jobbar på har vakse fram over tid. Mykje kan løysast med ferdige verktøy. Andre oppgåver har steg eller reglar som gjer det tungvint å bruke hyllevare. Det er der ei skreddarsydd løysing kan vere fornuftig.

Den som opnar ei sak, skal kunne sjå kva som manglar, kven som har ansvaret og kva neste steg er. Det er slike avklaringar som gjer eit verktøy godt å bruke.

Logoen og arbeidsmåten

Vi byggjer vidare på det som fungerer.

Den blå delen av logoen står for grunnmuren vi bruker på tvers av løysingar. Den grøne delen er det vi utformar saman med dykk: skjermbileta, stega og reglane som passar arbeidet dykkar.

Vi vel robuste, velkjende løysingar og bruker felles funksjonar på nytt. Mindre dobbeltarbeid gir oss rom til å halde fastprisen nede. De får eit verktøy tilpassa oppgåva, medan vi får ein grunnmur vi kan vedlikehalde og forbetre på tvers av leveransar. Det gjer samarbeidet verdifullt for begge.

Testing, tryggleik, dokumentasjon og drift høyrer med til arbeidet. På sida om tillit og drift skildrar vi korleis vi følgjer opp personvern, tryggleik og drift gjennom samarbeidet.

Sjå korleis vi arbeider saman, og korleis vi avtaler pris for løysinga og drifta.

Apalós er gresk og tyder mjuk å ta på — grekarane brukte det om mjuke hender og ferske frukter, og i overført tyding om det milde. Ordet er eldre enn både programvare og hyllevare.

Verdiane våre

Det skal vere godt å velje Apalos.

Trygt å kjøpe. Enkelt å samarbeide med. Godt å eige.

Før arbeidet tek til, avklarar vi kva som skal lagast og korleis vi skal samarbeide. Dette skal de kunne vente:

De skal kunne kjøpe trygt.

Før vi foreslår ei løysing, skal vi forstå problemet. De skal vite kva som er med, kva det kostar og kva som framleis er usikkert.

Samarbeidet skal vere enkelt.

De snakkar direkte med den som byggjer løysinga. Spørsmål og endringar blir avklarte undervegs, medan det framleis er lett å justere kursen.

Det skal vere godt å eige.

Dataa er dykkar. Rettane til det vi lagar for dykk og bruksretten til den felles grunnmuren vår blir avklarte i avtalen. Løysinga skal vere dokumentert.

Snakk med oss

Kvar kjem dagens verktøy til kort?

Fortel om oppgåva og kva som gjer henne tungvinn i dag. Vi hjelper dykk å vurdere om skreddarsydd programvare er eit fornuftig neste steg.