Apalos Systems i Bergen
Oppdatering 3. november 2026: Apalos Systems AS er registrert i Einingsregisteret og Føretaksregisteret, org.nr. 938 801 304.
Då denne saka vart skriven, var Apalos Systems AS under etablering. Frå kontoret i Strandgaten 7 vil vi byggje programvare som gjer konkrete oppgåver i arbeidskvardagen enklare.
Bak selskapet står Bjørn Otto Vasbotten, med over 20 års erfaring frå utvikling, drift, produktarbeid og leiing i PSWinCom og LINK Mobility. No blir erfaringa samla i eit nytt programvareselskap med base i Bergen.
Vi byrjar med oppgåva.
Ei sak som treng ein ansvarleg. Ei bestilling som må følgjast opp. Eit rekneark som har blitt vanskeleg å halde orden på. Apalos skal lage arbeidsverktøy rundt slike oppgåver, med utgangspunkt i korleis folk faktisk jobbar.
Skreddarsydde løysingar og eigne produkt byggjer på ein felles teknisk grunnmur. Funksjonar for innlogging, tilgang, sporbarheit og drift kan brukast på nytt, slik at meir av arbeidet handlar om oppgåva til kunden. Sjå døme på oppgåver vi kan løyse.
Eit kontor i Bergen. Plass til fleire over tid.
Kontoradressa er Strandgaten 7, 5013 Bergen. Apalos startar med éin person. Ambisjonen er å byggje eit solid selskap med fleire kollegaer, i takt med kundane og oppgåvene vi tek ansvar for.
Målet er å vere i drift i løpet av den første veka i november 2026. Fram til då arbeider vi med etableringa, produkta og rammene for å følgje opp kundane på ein god måte.
Bli kjende med Bjørn Otto og ambisjonen for selskapet.
Lat oss høyre om det de jobbar med.
Har de ei oppgåve som tek unødvendig mykje tid, tek vi gjerne ein første samtale. Skildre korleis de løyser henne i dag, og kva de skulle ønskje var enklare.